Interplan betyr for oss planlegging mellom menneske. Det er flust med ressursar i menneska, naturen og kulturarven i bygdene våre. Vi blir gjerne med på å finne, foredle og formidle om skattane som finst der.
Interplan AS er eit lite konsulentselskap som yter tenester til offentlege og private verksemder og til organisasjonar. Vi tek på oss prosess- og prosjektleiing, planassistanse, strategiarbeid og mentorverksemd. Vi designar prosessen saman med oppdragsgjevar og jobbar ofte med gruppeprosessar som World cafe, Open space Technology, Framtidsverkstader eller andre metodar – alt etter kva som er målet for arbeidet.
|
Folka i Interplan er alle knytte til Balestrand i Sogn. Vi bur her eller er oppvaksne her. Nett no er vi busette på ulike stader. Så det hender at vi kokar kaffi på kvar vår kjele i Balestrand, Oslo og Istanbul før vi samlast til felles nettmøte på Skype. Denne utfordringa blir også vår styrke; slik lærer vi oss å utnytte digitale verktøy for kommunikasjon og blir kjende med arbeidsmetodar som gjer det muleg å arbeide med prosjekt kor som helst i verda.
|
Interplan AS har eit kompetent team med personar som
er engasjerte i samfunnsutvikling og berekraft generelt. Men vi er spesielt opptekne av å finne fram til kva som er essensen i eit lokalsamfunn - "sense of place". Interpretasjon (eng. interpretive planning) er ei fruktbar tilnærming til å finne, foredle og formidle om fenomen i naturen og kulturarven. Dette må lærast og gjerast av engasjerte menneske. Teamet i Interplan AS er alle nær innpå Ciderhuset og Balholm AS som er drive av familien Eitungjerde Høyvik. Desse selskapa produserer drikke av frukt og bær - både frisk juice og eplecider, dessertvinar og fruktdram. Ciderhuset tek også imot gjester heile året til kulturvandring, ciderprogram og smaking eller til bryllaup, kulturarrangement, faglege opplegg, teambygging eller anna moro. Sommarrestauranten, drive av Gard og Tuba, har i fleire år vore blant topp ti på Tripadvisor si rangering av restaurantar på Vestlandet.
|
Alt arbeid i Interplan bygger på mobiliserande og kommunikativ planleggingsmetode. Vi inviterer i samarbeid med oppdragsgjevar til arbeidsverkstader for menneske som vil noko. Vi kartlegg i fellesskap ressursar og utfordringar og presenterer desse på ulike måtar. Føremålet er å skape skape ein open prosess, dialog og felles forståing for kva som skal til for å komme fram til gode løysingar.
Det vi lærer i Ciderhuset kan vi ta med oss når vi tar fatt på prosjekt i Interplan; det gir oss eigne erfaringar med interpretasjon og reiseliv i praksis. Å arbeide med landbruk og småskala matproduksjon får oss til å halde beina trygt planta på jorda; vi lærer kor mykje hardt arbeid som ligg bak eit godt produkt. Samtidig ser vi kor mange muligheiter som ligg der: nye smakar, restaurant med blanding av matkultur frå Noreg og Middelhavet, objektteater i Hønsehuset, konsertar, leik og moro.
Les meir om Ciderhuset. |