Interplan
  • Heim
  • Om oss
  • Menneska
  • Den tredje kulturen
  • Tidlegare arbeid
  • Kontakt
  • Heim
  • Om oss
  • Menneska
  • Den tredje kulturen
  • Tidlegare arbeid
  • Kontakt
Interplan hjelper gjerne med å legge gode planar for framtida. Vi likar å leie prosessar i grupper. Vi likar utfordringar og kreativt kaos der vi saman blir konkrete og handlekraftige til slutt. 

Picture
Eli-Grete Høyvik
Gründer og dagleg leiar av Interplan AS

Eli- Grete etablerte konsulentselskapet Interplan 01.02.03 - ikkje heilt tilfeldig valt dato!  Frå kjekke og trygge stillingar som fylkesplanleggar, næringssjef og andre offentlege  jobbar på fylkesplan, valde ho å etablere seg i Ciderhuset i Balestrand. Eli-Grete har mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing, og er også utdanna ingeniør (telecom).  Ho har lang erfaring i å leie utviklingsprosessar for enkeltpersonar, bedrifter og offentlege instansar.
​
​Eli-Grete har utvikla høgskulekurset; ”På skattejakt i Bygde-Noreg” – om interpretasjonsplanlegging - å finne, foredle og formidle om ressursar i naturen og kulturen. 

​

Tuba Ardic
Prosjektmedarbeidar

​Tuba kom til Noreg frå Tyrkia i 2007 – etter at tilfellet gjorde at ho trefte Gard E. Høyvik på ei trainer-samling for internasjonale ungdomsarbeidarar på Hamar.  Tuba er tilsett som stipendiat ved Høgskulen i Sogndal og arbeider med doktorgrad i ungdomssosiologi med tema ungdom og migrasjon.  Ho underviser i sosiologi  og leiar eit internasjonalt prosjekt på vegner av høgskulen.

Tuba driv Ciderhuset saman med Gard og familien, der ho er kjøkkensjef og leiar sommarrestauranten og internasjonale ungdomsprosjekt.  Ho er også Interplan og Ciderhuset sin ”husfotograf”. Ho har teke utdanning i psykodrama og har gjennom praksis i ungdomsprosjekta god kunnskap i prosessleiing.


 
Picture
T


Bilde
Lina Asheim Breidablik
Prosjektmedarbeidar
​
Lina har ein bachelorgrad i sosiologi frå Universitetet i Bergen og Universidad Complutense de Madrid. For tida er ho busett i Oslo, der ho studerer for å bli tekstforfatter på Westerdals ACT. Lina har spesiell kompetanse i drama og historiefortelling gjennom teater.


Ho har assistert Gard og Tuba i leiing av internasjonale ungdomsprosjekt i Ciderhuset. I sommar var ho, saman med Vilde, prosjektleiar for prosjektet Artist in Residence i Kunstbygda Balestrand. Ho har praksis frå reiseliv gjennom fleire sesongar ved Turistinformasjonen i Balestrand.


Vilde Jensen Hjetland
Prosjektmedarbeidar

Vilde er utdanna tekstilkunstnar frå Kunsthøgskulen i Bergen. Ho har hatt fleire utstillingar og er mellom anna designer for Thea Hjelmeland (vinnar av Spellemannsprisen i 2015). Vilde har vore prosjektleiar for fleire prosjekt i Kunstbygda Balestrand, der ho også  har verkstaden sin på Kvamsøy.

​I Interplan utviklar Vilde modellar og skisser av idear, samt bidreg med eit estetisk blikk og forestillingsevne. Ho er medlem av Norske Kunsthåndverkere.
Picture

Picture
Gard Eitungjerde Høyvik
Prosjektmedarbeidar

​Gard er utdanna lærar med tillegg av organisasjonspsykologi, drama og psykodrama. Han har etter kvart allsidig røynsle med born og unge gjennom praksis i barnehage, skule, kulturskule, barnevernsinstitusjonar, nasjonale og internasjonale ungdomsprosjekt. 

Han driv Ciderhuset saman med familien og er spesielt oppteken av vertskap og formidling gjennom historie og dramatisering. Han har erfaring som prosjektleiar og arbeider ofte saman med Eli-Grete om  arbeidsverkstader og teambygging. 




Ragnhild Eitungjerde Høyvik
Prosjektmedarbeidar

​Ragnhild er master i historie ved Universitetet i Bergen og arbeider for tida i NORAD. Temaet ho har fordjupa seg i er  ”Norsk kulturdiplomati; framstillingar av norsk kultur i utlandet” .  Ragnhild har solid erfaring med organisasjonar og folk!

 I Interplan jobbar Ragnhild med prosjekt og utviklingsarbeid og er spesielt god å ha når oppdraget inneber analyse og konseptutvikling. Ragnhild er også web-ansvarleg for Interplan.


Picture
Powered by Create your own unique website with customizable templates.