Interplan
  • Heim
  • Om oss
  • Menneska
  • Den tredje kulturen
  • Tidlegare arbeid
  • Kontakt
  • Heim
  • Om oss
  • Menneska
  • Den tredje kulturen
  • Tidlegare arbeid
  • Kontakt
Ulik bakgrunn kan smeltast sammen til å bli noko heilt nytt – ein tredje kultur. Tuba og Gard ser kulturelt mangfald som ein ressurs.

Picture
Ut frå eigne røynsler ynskjer Tuba og Gard å arbeide med å rettleie norske bedrifter, organisasjonar og offentlege etatar med å bruke det kulturelle mangfaldet som ressurs i organisasjonen gjennom tre steg:
Step 1 - ”Shake and mix”
Step 2 - ”Shape up”
Step 3 - ”Settle”
I tredje kultur-prosjekt er målet å  heve interkulturell kompetanse hos leiarar og tilsette gjennom faglege workshops og aktivitetar. Interessert? Ta kontakt


​Gard og Tuba er sjølve døme på positive effektar av kulturelt mangfald. Dei møttest gjennom internasjonalt arbeid for kulturforståing mellom unge menneske. Dei har i ettertid utvikla kursopplegg for Aktiv Ungdom og Erasmus+ programmet til EU. Dei har vore vertskap for unge voluntørar sitt første møte med norsk kultur og samfunn. Tuba har også arbeidd som flyktningkonsulent og  arbeider på ein doktorgrad om unge og migrasjon.  
Picture

Picture
"Når mennesker møtes, faller maskene" - kloke ord fra den danske filosofen K. E. Løgstrup. Det er også ideen bak fleire EU-program som finansierer at ungdom får møtast og lære om kvarandre sine kulturar. 

​Gard og Tuba har leia fleire slike prosjekt med 5-6 ulike nasjonalitetar over 10-12 dagar. Tema har vore kunst, dokumentasjon med film og foto og korleis ungdommane kan skape sine eigne prosjekt i heimlandet.
Powered by Create your own unique website with customizable templates.